top of page
Gratiskonsert i Homrahølo
Opplev Eva Weel Skram heilt i sjøkanten på det som muligens er vestlandets finaste fjøre-arena.
Homrahølo ligg nær ytste snuplassen i Øyane og har tilkomst via ein kort, grusa sti. Eller sjøvegen, for dei som vil. Ver merksam på at det begrensa med parkeringsmoglegheiter.

Fjero sin nøyaktige lokasjon finn du i kartet under.
Det er ein glede å kunne annonsera at Eva Weel Skram kjem til Øyafest den 31 Juli!

I fjor slapp Eva sitt nyaste album Vendepunkt, til fine anmeldelsar, og tittelsporet lå spikra på spelelistene til NRK P1 i månadsvis.

Eva Weel Skram har alltid vore svært personleg i sine tekstar, og det er ho heldigvis enno. Albumet Vendepunkt blei skrevet i ein periode der det skjedde mykje i livet hennar, og då spesielt på innsida. Ho søkte og fann svar på mykje i seg sjølv, og refleksjonane ho gjorde undervegs, fann fort vegen ut av hodet og inn i tekstane, slik dei ofte gjer. Og om noko så fint kjem ut av Evas personlege vandring, kan me ikkje anna enn å håpe at ho fortsett denne reisa i åra framover.

Vår gode støttespelar Sparebanken Vest har gitt oss støtte til denne bookinga til torsdagen på Øyafest.

Me gler oss til konsert og sett stor pris på samarbeidet med Sparebanken Vest som ein trufast støttespelar over fleire år.

bottom of page